Kjøp mindre – opplev meir

Lyst på fantastiske naturopplevingar i fjell og dal, men manglar utstyret som gjer turen både finare og tryggare? Hjå oss kan du leige friluftsutstyr, randonnée, toppturpakkar og elsyklar. Godt nytt for deg, klimaet og lommeboka. Du hentar sjølv utstyret hjå oss i Skjåk eller Lom akkurat når det passar deg. Enkelt, smart og bærekraftig på alle vis.

Utleie av turklær

Kvifor kjøpe ei skalljakke du knapt nok brukar ein gong i året? Hjå Naturopplevingar kan du leige alt du treng av klede for å halde deg akkurat passe varm og tørr under heile turen.

Lei turklede

Utleie av turutstyr

Telt, kompass, hengekøye og anna utstyr som gjer turen din finare og tryggare.

Lei turutstyr

Utleie av randonnéeutstyr

Er du på leit etter ein stad du kan leige randonée-utstyr? Her kan du leige alt frå enkle pakker med randonée-ski, støvlar og staver, til komplett toppturpakke med skredutstyr.

Lei randonnéeutstyr

Kjøp mindre – opplev meir. Kva meiner vi med det? Jau,ved å leige turutstyr i staden for å kjøpe noko du sjeldan brukar, bidreg du til at klimautsleppa blir litt lågare. På den måten gjer du ditt til at både du og oss, og ikkje minst dei som kjem etter oss, også kan få ta del i små og store naturopplevingar.

Tea & Kjell i Naturopplevingar
tea og kjell i naturopplevingar på fjelltur i skjåk

LEI SYKKEL, KLEDE OG TURUTSTYR:

Er du klar for ei fin naturoppleving?