Utstyrsutleige Bruvoll i Skjåk
Midt i Fjell-Norge og tett på Fjord-Norge finn du elsykkelboden til Naturopplevingar ved Bruvoll i Skjåk – rett over brua frå Dønfoss Camping. Her finn du 12 fullt utrusta elsyklar for leige, og alt du treng av informasjon for å sykle den eventyrlege rundturen Tour de Breheimen. Samt mykje anna friluftsutstyr for utleige!
Naturopplevingar sitt utstyrsdepot på Bruvoll i Skjåk held opent døgnet rundt – året rundt. Med sjølvbetjent utlevering og innlevering midt mellom Fjell- og Fjord-Noreg, tett på både Breheimen, Reinheimen og Jotunheimen kan du hente ut og lever inn utstyr akkurat når det passar deg. Lettare blir ikkje fjellivet – ta ein liten titt på videoen nedst på denne sida om du er i tvil korleis du går fram!
Her finn du oversikt over elsyklane vi har til utleige på Bruvoll.
Utlevering:
- Du finn utstyrsdepotet utanfor Coop Bruvoll ved Dønfoss.
- På høgre side av inngangsdøra med skilt Naturopplevingar finn du ein nøkkelboks med talkode. Koda har du fått tilsendt i mailen du mottok ved bestilling av utstyr. Her finn du nøkkel til inngangsdøra.
- I gangen rett innanfor døra finn du utstyret ditt i gjennomsiktig plastboks med ditt namn på lokket. Sørg for at du tek med deg utstyr kun frå boksen med ditt namn på!
- Hugs å låse inngangsdøra og legge nøkkel i kodeboks når du går. God fjelltur!
Innlevering:
- Utstyret leverer du inn på same vis og på same stad som du henta det ut. Koda til nøkkelboksen er den same som ved utlevering.
- Alt utstyret skal leverast inn i same stand som du fekk det utlervert. Sørg for at alt utstyr er tørka og reingjort! PS: Har du ikkje moglegheit til å få tørka utstyret så MÅ du sende oss varsel om dette ved innlevering.
- Hugs å låse inngangsdøra og legge nøkkel i kodeboks når du går.
Vilkår for utleige:
- Sjå informasjon på bookingsida.
God tur!
Elektrisk helsing Tea & Kjell