Sjølvbetjente utstyrsdepot Lom og Skjåk

Naturopplevingar har to utstyrdepot – eitt i nasjonalparklandsbyen Lom og eitt på Bruvoll i elsykkeleldoradoet Skjåk midt mellom Fjord- og Fjell-Noreg.

I begge utstyrdepota finn du eit breitt utval av utleigeutstyr for friluftsliv i fjellet året rundt. Naturopplevingar har og 12 nye elsyklar av høg kvalitet til utleige, men desse blir kun utlevert når betjening er til stades – ta kontakt så blir vi enige om eit tidspunkt!

Her finn du utstyret ditt – året rundt og døgnet rundt: