Utlevering og innlevering av utstyr

Her – midt i Lom nasjonalparklandsby – kan du døgnet rundt hente ut og levere inn att turutstyret du har leigd ved bruk av nøkkelkode som du får tilsendt ved booking av utstyr.

Utstyrsdepoet til Naturopplevingar finn du i hjartet av nasjonalparklandsbyen Lom – innfallsporten til både Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. Utstyret du har booka på nett kan du hente døgnet rundt, året rundt. Slik går du fram!

Utlevering:

  • Gå til Naturopplevingar sitt lager i Bergomsvegen 11 – inn frå gangvegen på baksida av Esso-stasjonen i Lom sentrum.
  • På høgre side av inngangsdøra med skilt Naturopplevingar finn du ein nøkkelboks med talkode. Koda har du fått tilsendt i mailen du mottok ved bestilling av utstyr. Her finn du nøkkel til inngangsdøra.
  • I gangen rett innanfor døra finn du utstyret ditt i gjennomsiktig plastboks med ditt namn på lokket. Sørg for at du tek med deg utstyr kun frå boksen med ditt namn på!
  • Hugs å låse inngangsdøra og legge nøkkel i kodeboks når du går. God fjelltur!

Innlevering:

  • Utstyret leverer du inn på same vis og på same stad som du henta det ut. Koda til nøkkelboksen er den same som ved utlevering.
  • Alt utstyret skal leverast inn i same stand som du fekk det utlervert. Sørg for at alt utstyr er tørka og reingjort! PS: Har du ikkje moglegheit til å få tørka utstyret så du sende oss varsel om dette ved innlevering.
  • Hugs å låse inngangsdøra og legge nøkkel i kodeboks når du går. 

Vilkår for utleige: 

 

Takk for følgjet og lånet!

Fjellhelsing Tea og Kjell

Utstyrsdepotet vårt er døgnope året rundt – med sjølvbetjent utlevering og innlevering midt i Lom nasjonalparklandby.