Utleige av telt og hengekøye

Skal du på overnattingstur i fjell, fjord eller dal? Leig telt, liggeunderlag, og anna kvalitetsutstyr du treng til turen i staden for å kjøpe nytt og dyrt.

Har du ikkje lyst til å investere i eit telt du knapt nok kjem til å bruke? Fått besøk av vener du vil ta med på overnattingstur, men manglar telt? Oppteken av fleir- og meirbruk – slik at vi tek best mogleg vare på miljøet? 

Naturopplevingar ynskjer at friluftsutstyr skal vere hyppig i bruk og skape mest mogleg turglede gjennom levetida si.

Difor har vi kvalitetstelt, hengekøyer og anna turutstyr til leige. Bra for miljøet, bra for privatøkonomien og lettvint for deg!

Utleige av telt og hengekøyer

Firemannstelt til leie i Skjåk eller Lom

Telt, Bergans Wiglo LT4
Passar fint for fire personar.
Leigepris: kr. 500,-

Tomannstelt til leie i Skjåk eller Lom

Telt, Bergans Trollhetta
Passar fint for to personar.
Leigepris: kr. 400,-

Hengekøye til leie i Lom eller Skjåk

Hengekøye, Ticket to the Moon
Hengekøye for både barn og vaksne.
Leigepris: kr. 100,-

Anna utstyr til overnattingsturen

Liggeunderlag til leie i Skjåk eller Lom

Liggeunderlag, Bergans Folding Mat Light
Lett og komfortabelt liggeunderlag som er enkelt å ta med seg på tur.
Leigepris: kr. 50,-

rød sovepose til leie i Lom eller Skjåk

Sovepose, Bergans Trollhetta
Komfortabel sovepose som held deg god og varm ned til -6 grader.
Leigepris: kr. 200,-

blått sitteunderlag til leie

Sitteunderlag, Thermarest
Held deg varm og tørr.
Leigepris: kr. 30,-

Prisane er for leige per døgn. Ved låneperiode meir enn tre dagar og for grupper på meir enn 10 personar, blir vi einige om pakkepris.

Noko anna du treng til turen? Vi har også utleige av blant anna sko, klatreutstyr, telt og syklar.