Telt

Skal du på overnattingstur i fjell, fjord eller dal? Leig telt, liggeunderlag, og anna kvalitetsutstyr du treng til turen i staden for å kjøpe nytt og dyrt.

Har du ikkje lyst til å investere i eit telt du knapt nok kjem til å bruke? Fått besøk av vener du vil ta med på overnattingstur, men manglar telt? Oppteken av fleir- og meirbruk – slik at vi tek best mogleg vare på miljøet?

Naturopplevingar ynskjer at friluftsutstyr skal vere hyppig i bruk og skape mest mogleg turglede gjennom levetida si.

Difor har vi kvalitetstelt til leige. Bra for miljøet, bra for privatøkonomien og lettvint for deg!