Kjøp mindre – opplev meir
Store naturopplevingar blir enda større når du veit at turutstyret ditt belastar miljøet minst mogleg. Ved å leige i staden for å kjøpe nytt, bidreg du til at også dei som kjem etter oss får fine naturopplevingar.
Kjøp mindre – opplev meir. Kva meiner vi med det?
Jau,ved å leige turutstyr i staden for å kjøpe noko du sjeldan brukar, bidreg du til at klimautsleppa blir litt lågare. På den måten gjer du ditt til at både du og oss, og ikkje minst dei som kjem etter oss, også kan få ta del i små og store naturopplevingar.


For det er akkurat dette som er viktigast for oss: å gjera vårt for at både du og framtidige generasjoner skal få nyte dei same fine turane som oss. Dei spennande turane over fleire tusen år gamle isbreer. Sjå villrein og rik fjellflora. Kjenne fjellauren bit i sildrande bekkefar.
Vi veit og at godt utstyr er viktig for at naturopplevinga skal bli så god som mogleg.
Det kan godt hende at turen blir betre med ei turbukse av nyare modell enn ei 15 år gamal bukse du har bruke berre eit par gonger. Men treng du eigentleg kjøpe nytt av den grunn?
Kanskje utsikta frå teltopninga ut mot Hestbrepiggane ein seinsommarkveld blir enda litt betre når du veit at jakka som varmar deg er den beste du kan få på marknaden – men leigd og teke vare på av nokon som vil både deg og etterkomarane dine vel?
Om naturopplevingane skal bli store både nå og i framtida, må vi jobbe saman mot små og store bærekraftmål.
Du kan gjere ditt ved å kjøpe mindre og leige meir. Eller som vi seier det: kjøpe mindre – oppleve meir.
Leig turutstyr til naturopplevinga di
