Ekte naturopplevingar frå Naturopplevingar

Hei frå fjellheimen, vi er Tea og Kjell. Firmaet vårt Naturopplevingar heldt til i Lom og Skjåk – to bygdeperler omkransa av nokre av dei flottaste fjella og fjordane Noreg byr på. Vi tilbyr utleie av friluftslivutstyr og skreddersyr naturopplevingar for små og store grupper.

I Naturopplevingar finn du oss, syskjenbåna Tea Karoline Mork og Kjell Lundemo. Båe er vi frå Skjåk, og båe er vi lidenskapeleg opptekne av å vere ute i naturen.

Med Naturopplevingar ynskjer vi å formidle turgleda fjellheimen gir oss som menneske, og dele opplevingar som set seg i kropp og sinn med deg.

Kjell Lundemo

Kjell Lundemo
Fjellguide og grøn gründer. Her kan du lesa meir om Kjell.

Tea Karoline Mork

Tea Karoline Mork
Fjellguide og grøn gründer. Her kan du lesa meir om Tea.

For oss er dette det mest meiningsfylte og givande vi gjer. Det aller likaste vi veit er å ha med oss folk på tur. Å vere i naturen, spesielt med born og unge, gir ei eigen ro som berre må opplevast.

Vi nytter kvart einaste høve til å kome oss ut på sykkel, randonnéeski, topptur, fisketur eller kva som helst anna, så lenge vi får puste inn det beste som er – fjelluft.

Ta kontakt for å bli med oss på tur

kjell og tea i naturopplevingar