Komplett brepakke – 400 kr/døgn

Breheimen heiter ein av nasjonalparkane kring oss – og saman med Jotunheimen byr han på fantastiske opplevingar i blåis og på snødekke.

Brevandring er ei fantastisk aktivitet som mange har blitt bergtekne av. Hjå oss får du gode råd, og vi møter deg gjerne ved utlevering av utstyret i Lom for å teste og tilpasse utstyret før avmarsj.

Vil du ha lokalkjend turfølgje? Vi stiller gjerne med både toppturtips og guide. 

Innhald utstyrspakke brevandring:

  • 1 heilsele
  • 1 hjelm
  • 1 bretau
  • 1 bandslynge 120 cm
  • 1 bandslynge 60 cm
  • 1 par prusikslynger
  • 1 par stegjern
  • 1 isskrue
  • 1 breøks
  • 1 snøanker
  • 1 skrukarabin
  • 4 karabinar

Prisar oppgitt er for leige per døgn. Ved låneperiode meir enn tre dagar og for grupper på meir enn 10 personar blir vi enige om pakkepris.