Fjelleventyr med guide
Naturopplevingar er lommekjente i Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen – og guidar deg gjerne på tur!
I Naturopplevingar brenn vi for å gje deg opplevingar for livet. I vår eiga leikeland – det beste av norske høgfjell og fjordar. Vil du vere med på tur, nyttar vi gjerne vår erfaring og lokalkunnskap og skreddersyr eit opplegg i lag slik at opplevinga blir tilpassa ditt ynskje. Vi ordnar gjerne med både utstyr, guiding, måltid, overnatting og transport – alt etter kva fjelleventyr du har i tankane.
Den mest populære toppturen vi guidar er til Galdhøpiggen – les mer om opplegget her.
Naturopplevingar tilbyr skreddersydde fjelleventyr for familiar, firma, lag og grupper:
- Galdhøpiggen
- Tverrådalskyrkja
- Glittertind
- Besseggen
- Vårskiturar
- Brevandring i blåisen
- Fisketur etter fjellørreten
- …eller nett den stortoppen du gjerne vil ha guide for å nå til topps på sommar eller vinter
Treng du utstyr til fjellturen eller vintereventyret? Elsykkel for oppdagingsferd i fjellheimen? Naturopplevingar leiger ut utstyr av topp kvalitet.
Vil du bli betre kjend med oss? Her er vi!
Fjellhelsing Tea & Kjell i Naturopplevingar
Naturopplevingar guidar turar til Galdhøpiggen – trygt, triveleg og i akkurat det tempoet gir deg oppturen du har drømt om.
