Grønt fokus

Når himmelen opnar seg og regnet bøttar ned, er det godt å ha ei jakke som heldt deg tørr. Når du ligg i teltet ei vinternatt, er ingenting betre enn ein god og varm sovepose. Friluftsutstyr av god kvalitet er ofte viktig for ei god naturoppleving.

Diverre betaler naturen ein langt høgare pris for utstyrshungeren vår enn vi sjølve. Nordmenn er i verdstoppen på innkjøp av sports- og fritidsutstyr. Kvar gong vi kjøper noko nytt, belastar vi miljøet i form av forbruk av dyrebare ressursar, utslepp og kjemikaliebruk. Men det finst råd!

Turutstyr treng slett ikke vere nytt av året eller dit eige for å gjere nytte! Utsikta frå Store Smørstabbtind blir ikkje betre med årets modell av skaljakka. Kjøper du mindre og låner meir, sparer du både miljøet og lommeboka.

I Naturopplevingar er vi opptekne av nett natur og opplevingar. Vårt suverent høgste mål er å få folk ut på tur. Ved å leige utstyr i staden for å eige det har du moglegheit for å få testa ut dei friluftsaktivitetane du ynskjer før du eventuelt går til innkjøp sjølv, eller du kan enkelt leie utstyr for å avgrense innkjøp og forbruk. Både billigare og betre!