Guide til Galdhøpiggen

Den lettaste turen til Galdhøpiggen krev guide – og i følgje med Naturopplevingar får du nett den oppturen du vil!

Den klassiske turen til Galdhøpiggen byrjar ved Juvasshytta på 1850 meter over havet. Herifrå er fjellturen til Galdhøpiggen berre fire kilometer – men høgt over havet og med med 600 meter stigning før toppunktet på 2469 moh. Undervegs går ein over Styggebreen – ein bre som krev sikring i taulag og guide for å unngå sprekkområder skjult under snødekket på isbreen.

Dei fleste som går til Galdhøpiggen blir med taulag frå Juvasshytta, i lag med fleire dusin andre i felles taulag på faste tidspunkt kvar dag.

Vel dykk i staden å bli med guide frå Naturopplevingar blir turen litt annleis: 

  • Vi startar turen når dykk ynskjer på dagen
  • Vi går i tempoet som høver dykk
  • Vi tek pausar når det passar dykk
  • Vi blir på toppen så lengje dykk vil før retur
  • Guiden er tilgjengeleg for dykk heile dagen, svarer på spørsmål og fortel om turen og fjellhistoria undervegs.

Pris: 5000,- for taulag på 12 personar (tilsvarar 450 kr/pers). Vi går gjerne med mindre gruppar, og finn då pris etter avtale.

Utstyr: Du treng vasstette fjellstøvlar med god støtte, allværsklede, ullundertøy, lue og vottar, solbrillar, solkrem og godt med niste, samt ekstra ullgenser og ullsokkar.

Treng du utstyr til fjellturen? Naturopplevingar leiger ut utstyr av topp kvalitet. 

Tidsbruk: Turen til topps på Galdhøpiggen og ned att er totalt 7 kilometer og 600 høgdemeter. Vi plar bruke 5 til 6 timar på turen inkludert pauser.

Oppmøte: Naturopplevingar startar sine turar til Galdhøpiggen frå Galdhøpiggen sommerskisenter. Ved å gå herifrå blir turen til Nord-Europas høgaste fjell 1 kilometer kortare tur-retur.

Vil du bli betre kjend med guidane? Her er vi!

Fjellhelsing Tea & Kjell

I følgje med guide frå Naturopplevingar blir turen til Galdhøpiggen nett den oppturen du har drøymd om – i ditt eige tempo med start og avslutning av turen nett når du vil.