Fjelltur med guide

Naturopplevingar er lommekjente i Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen, og guidar deg gjerne på både små og store turar.

I Naturopplevingar brenn vi for å gje deg opplevingar for livet. I vår eiga leikeland – det beste av norske høgfjell og fjordar.

Vil du vera med på tur, nyttar vi gjerne erfaringa og lokalkunnskapen vår for å skreddersy turen i lag med deg, slik at opplevinga blir tilpassa ynskjet ditt.

Vi ordnar gjerne med både utstyr, guiding, måltid, overnatting og transport – alt etter kva fjelleventyr du har i tankane.

Dette er nokre av dei skreddersydde naturopplevingane vi tilbyr for familiar, firma og grupper:

  • Galdhøpiggen
  • Tverrådalskyrkja
  • Glittertind
  • Besseggen
  • Vårskiturar
  • Brevandring i blåisen
  • Fisketur etter fjellørreten

Ta kontakt for å ta ein prat om korleis vi kan bli med deg på tur som guide

guide som har med seg fire personer på fjelltur i skjåk