Sykkelutleige i Skjåk

Nyt naturen i Skjåk og omegn frå sykkelsetet. Hjå Naturopplevingar kan du leige terrengsykkel og trakke i veg for eigen maskin, eller få drahjelp av ein toppmoderne elsykkel.

Naturopplevingar er glade i store sykkelopplevingar. Og vi elskar elsykkel. Vi har sykkelutleige i Skjåk, og du kan velge blant ulike modellar både med og utan batteri.

Kva slags sykkel skal du leige?

Elsykkel er eit perfekt elektrisk turfølge for den som vil sjå og oppleve mykje over eit stort område. Batteriet utgjer ein enorm boost for rekkevidde, kreftar og opplevingar i fjell og fjord.

Har du god motor i eigen kropp, kjem du deg også langt for eigen maskin – spesielt om du svingar deg innom eitt av mange kulinariske pitstop i dalføret som kan gje deg litt påfyll undervegs.

Elsykkel eller ein vanleg tursykkel er ditt valg. Kanskje du skulle ta deg ein dag eller to ekstra og prøve begge deler? Her kan du sjå detaljar om dei ulike utleigesyklane våre.

Kva kostar sykkelutleige?

Leige av elsykkel kostar frå kr. 600,-/døgn, avhengig av utstyrsnivå og rekkevidde. Hjelm, sykkelveske og ladekabel er inkludert i leiga.

Leige av terrengsykkel kostar kr. 300,-/døgn. Hjelm er sjølvsagt inkludert i prisen.

Kvar kan du lade sykkelen?

Vi samarbeider med fleire overnattingsbedrifter i Skjåk der du enkelt kan lade sykkelen, slik at du er klar for nye eventyr på to hjul etter ei god natts søvn.

Kvar kan du sykle?

Alle utleigesyklane våre er topp moderne, tilpassa både asfalt, grus, traktorveg og gode stiar, og er godt vedlikehaldt.

Usikker på kvar du skal leggje turen? Her kan du sjå nokre av sykkelturforslaga i nærområda.

Korleis leige sykkel?

Du leiger sykkel enkelt og greitt ved å ta kontakt for å avtale hentetidspunkt. Du kan hente ut sykkelen på basa vår ved Bruvoll/Dønfoss i Skjåk.

Om du har planar om å leggje ut på større sykkeleventyr, hjelp vi deg gjerne med å frakte bagasjen din. Vi kan også frakte utleigesykkelen til deg.